«Ein NRK-sjef har bede meg om ei grunngjeving for kvifor eg seier konsekvent nei til NRK. Her er svaret eg gav:

Gode NN

Dette er veldig enkelt. Eg kan gje deg historien som eg har gjeve den til andre i NRK. I haust vart eg beden om å stille opp i Salongen. Eg sa ja. To dagar før eg skulle på, vart Asle Toje beden om å stilla opp i innvandringsdebatt med Egeland på Dax18. Han takka nei og sa det var altfor belastande. Programleiaren ringde han fleire gonger den dagen og bad han tynt om å stilla. Så gjorde han det for å vera hyggeleg. Dagen etter sampla «Salongen» Toje og framstilte han som eit rasistisk svin. Det var takka. Eg sa då frå til Salongen at eg ikkje stiller opp for NRK før NRK har bede Toje om orsaking. Det nektar NRK å gjera. Og eg nektar å ha noko med ei verksemd som har slike etiske standarar. Eg er ikkje villig til å utsetja meg for den risikoen det er å stille opp i NRK. Eg lit enkelt og greitt ikkje på den generelle etiske standarden til NRK. Eg ville sett stor pris på om du spreidde denne informasjonen vidare i systemet. Eg har vel avvist NRK om lag seks eller sju gonger etter episoden med Toje. Det er etterkvart mange med konservative synspunkt som har same haldninga som eg.

Beste helsing
Jon Hustad»

Advertisements